fredag 19. november 2010

Å ikkje ynskje det anleis

Det freistar å tenkje
kva om
kva om eg aldri hadde møtt deg
men møtt alle andre
- kyss, klapp og klem -
snurra rundt
leande og grinande
smilande,
men bærande på sår -
bærande på tårer,
men ingen som talde dei.

Eg vel deg igjen.
Eg vel å ikkje ynskje det anleis.
Men kvile
i at livet
er Livet
saman med deg.

Kaupanger, 29.desember 2009

4 kommentarer:

  1. Halleluja, så fint! og viktig! og riktig! og godt å kvile i:)

    SvarSlett
  2. Oi, dette traff i magen! Du er så flink til å skrive Jorunn! Og endeleg har eg funne ein blogg som er din! Kva tid kjem boka di? Då skal eg sove på fortauet å vere den første som står på trappa når bokhandlaren opnar! Skriv, skriv, skriv og lev, lev, lev med Jesus! Han brukar deg Jorunn, for han talte nettopp til meg her ved kjøkenbordet!

    SvarSlett
  3. Gry! Så kjekt du ville kommentere her! og særlig når det var slik gode ord eg fekk høyre:) Eg såg det litt seint, men kanskje det var nettopp i dag eg skulle få dette komplimentet? :)

    Håper du og dine har det godt!

    SvarSlett