mandag 22. november 2010

Glimt av himmel

Eg er ganske versjuk. Er det grått ute, vert eg grå inni. November er ikkje eit unntak, og er derfor ikkje årets høgdepunkt. Lat meg sove meg gjennom heile november og vakne i lyse, snørike og lukkelege desember. Pliz. 

Heldigvis har eg slike fine elevar som gjev meg eit glimt av himmel. Som i dag når lovsangsstunda varer dobbel så lang tid enn planlagt fordi me syng, vitner og ber for kvarandre. Då var det som Jesus sjølv tok fingeren under haka mi og sa "løft blikket ditt Jorunn- ikkje sjå på den isete vegen, sjå på meg!"
"Derfor, når vi har så stor en sky av vitner omkring oss, så la oss legge av alt som tynger, og synden som så lett fanger oss inn, og med utholdenhet fullføre det løpet som ligger foran oss, med blikket festet på ham som er troens opphavsmann og fullender, Jesus."


Hebr 12,1-2

1 kommentar: