onsdag 24. november 2010

Det går mot slutten

av november. Eg feirer med kakao og denne nye jazz-favoritten. Snart går turen til Veitvet sammen med nokre fine jenter. Dei ser slik ut når dei er på Hillsong Conferance:



















Men før det har eg eigentleg lyst å sei ein liten ting. Angående slik prosperity-gospel. Herlegheitsteologi. Og det skal ikkje vere ein slik kritikk av dei som driv med slikt (sjølv om eg ikkje er ein tilhengar), men heller eit kritisk blikk på meg sjølv, mi tru og tillit og den sammenhengen eg står i. 

For dei siste dagane har eg tenkt mykje på om eg trur (og dermed rettar livet mitt etter) at det er GUD som forsørger meg. Ikkje nødvendigvis berre økonomisk, men i alle deler av livet. Dei som driv med nettopp slik prosperity har jo ei klokkeklar tru på at Gud vil gi dei det dei treng når dei trenger det. ("Oh, you know, God have blessed me with this enormous house and this fancy caddilac") Pluss pluss, sjølvsagt. (som sagt, dette er ikkje eit oppgjer med slik teologi. Det er ikkje mi rolle. Ikkje i dag)

Slik eg leser bibelen så er det jo løfte på løfte om at Gud vil sørge for sine. Et løfte om at God provides. (som dei sa so ofte på Hillsong Conferance) Tør vi å tru at versa under ikkje berre er fine, men sanne? Tør vi å ta Gud på alvor?

Se på fuglene under himmelen! De sår ikke, de høster ikke og samler ikke i hus, men den Far dere har i himmelen, gir dem føde likevel. Er ikke dere mer verd enn de?
Matt6,28


Og Gud makter å gi dere all sin gave i rikt mål, så dere alltid og under alle forhold har nok av alt, ja, har overflod til all god gjerning.
2.kor 9,8


Så vil nokre seie at det er ganske kvalmt at eg, den norske rike jenta uten dei store problema i livet, kan snakke om dette. Kva med den fattige mammaen i Etiopia? Den forfulgte pappaen i Nord-Korea? Det sjuke barnet på rikshospitalet?

Og her kjem poenget. For min Gud er ein Gud vel kjent med smerte. Vel kjent med lidelse. Og han lover ikkje sine barn ein smertefri tilværelse. Heller tvert i mot. Han, meir enn nokon, er klar over den tilstand denne verda er i, og kva det kan koste å følge Han. 

Men midt opp i dette seier han dette paradoksale: 
Eg skal forsørge for deg, barnet mitt.

I meg skal du få ha fred når krigen herjer. Overflod når tørken kjem. Fridom når du sit i lenkjer. Håp når all verdas håp er ute.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar