fredag 10. februar 2012

Why starbucks?

Kanskje du kjenner meg som ein starbuckselskar? Eller kanskje du faktisk har reist so mykje med meg at du veit det er mykje eg kan foretrekke før Starbucks. Begge deler er vel kanskje sant.

I anledning den nye starbucksen på Gardermoen, og fordi eg i skrivande stund sit på Starbucks på Langkawi International Airport har eg lyst å sei litt om kvifor eg likar starbucks. Og kvifor eg ikkje likar at dei har opna på Gardermoen.
mmmh! Java chip frappuccino with whipped cream, thankyouverymuch:)

Først av alt så veit eg at:
- Starbucks lagar faktisk ikkje verdas beste kaffi.
- Dei er langt frå best på fairtrade.

Men grunnen til at eg glad i (ja, faktisk GLAD I) Tsarbucks er:
- Dei lagar god kaffi
- Kaffien smakar nokon lunde likt over alt i verda
- Dei har gode stolar
- Dei har alltid Air condition
- Dei har gratis internett
- Dei spelar som regel god bakgrunnsmusikk. Gjerne rolig jazz.
- Det var eit brekk frå "HEEEEELLLOOOOO MIIIIIISSS!!!!" i Indonesia
- Det er ein smak av luksus når ein kjem svett og skitten inn frå all slags klamme klima.
- Dei lagar verdas beste Java chip frappuccino. with cream? yes, with cream:) Den skal dei ha!

Kvifor vil er eg då ikkje superglad at dei vert å finne i mitt eige land?
- Fordi då forsvinn magien! Det ein kan få kvar som helst, vert ikkje lenger staseleg. Det vert kvardagsleg. Starbucks var erlik utlandet, for min del. I det store Utlandet, DER fann ein starbucks.
- Dessutan så lagar kaffebrenneriet, stockfleths og fleire andre minst like god kaffe.

Så de skjønar. Det er ikkje starbucksKAFFIEN I love, men konseptet - ideen, om du vil - starbucks. Men når eg landar på Gardermoen i morgon tidleg er den tiden forbi. Starbucks er ikkje lenger det same. For meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar