torsdag 14. juli 2011

Idag gløymte eg kva dag det var. Eg klarte rett og slett ikkje resonnere meg fram til om det var tirsdag, onsdag eller torsdag. Dei siste dagane har eg så og sei ikkje sett på klokka- Eg berre er i sola, les om Harry Hole, maler ei stove og et og søv når kroppen vil. People, I LOVE SUMMER! Særlig når eg tar fram gamle Simon&Garfunkel og syng høgt med på Feelin Groovy.


Got no deeds to do
No promises to keep
I'm dappled and drowsy and ready to sleep
Let the morningtime drop all its petals on me...
Life, I love you,
All is groovy!

Eg feirer Oslosommer til dømes i Paradisbukta på Bygdøy

mandag 4. juli 2011

You can always quit

sa ei jente i dag. 

Og det var meint så godt. Såklart var det meint godt. For om du ikkje trives med noko, so bør du jo slutte med det slik at du får det best mulig. Dette er jo logisk, ikkje sant? Eg er så hjartans enig. I alle fall deler av meg. 

Men så er det ein anna del av meg som kviskrar stille. Den delen spør "men kva med uthaldenheit, då? Er det eit tapt ideal?"

So vert eg stille. Både den stemma som seier ting høgt og den stemma som kviskrar stille. For eg trur eigentleg at dei beste tinga viser ikkje si beste side med ein gong- derimot krev dei beste tinga uthaldenheit. Men korleis kan ein tørre å tru at ein skal ikkje slutte - not always quit- når ein ikkje trives med noko, for så å oppdage at akkurat dette var eit av dei beste tinga? At det skulle vere verdt det?

Dessutan, kvifor er trivselsfaktoren blitt vår viktigaste målestokk?