fredag 3. februar 2012

Eg er i Penang. I Malaysia, altså. Rett over malakkastredet fra Medan. Men her er alt anleis. Bilane køyrer nesten normalt, ja, det virker nesten som det finnes trafikkregler. Ein kan ikkje panggil taxi rett fra gata, folk er ikkje like pågåande (eller vennlige, som er liker å kalle det), niqaber ser ein rett som det er, og staben på hotellet kjenner meg ikkje. Det siste betydde at eg nesten ikkje fekk frokost i dag. Eg stod opp for seint (fordi eg sov i 15 timer (2100-11:something)) og lurte på om eg kunne kjøpe frokost då. men neeeeida! men heldigvis snakka eg amerikansk, for det er lett å vere snobbish og storkrevande på amerikansk. På indonesisk vil eg berre vere snill og non-tourist. Så eg fekk frokost og den var god. 


Og stranda er fin. Men den bruker eg berre til å spasere på. Eg likar meg best på solstolen ved bassenget. Mindre sand overalt då. dessuten lettare å avkjøle seg i bassenget. Havet er for varmt.





Eg er aleine her. By choice. Derfor passer det meg egentlig fint at det er mest australske gamle par her og store muslimke familier. (der damene går med niquab, men gjerne svær knallrosa stråhatt oppå. eg hadde så lyst å ta bilde, men klarte å holde meg) Så det er ikkje så mangen som forstyrrer aleineheita mi. Berre den gamle indiske kelneren på hotellet. men han vart eg forelska i allerede i første kvelden, så det gjer ingen ting. (ikkje forelska forelska då!!)


Eg blogger igjen visst. Om alt og ingenting. Idag vart det om ingenting. Kanskje har eg nokre djupe tankar i morgon. Stay tuned!

2 kommentarer:

  1. Høres fantastisk deilig ut, Jorunn!
    Gleder meg til du kommer hjem :D Hilsen Solveig. Ruud.

    SvarSlett
  2. Liker å lese, og uvirkelig plass å lese om akkurat no herfra... stor klem og gleder meg til du kommer på besøk etter kvart :)

    SvarSlett