mandag 6. februar 2012

Kor vakre mennesker!

Ein kan ikkje vere i Asia uten å like mennesker. For mennesker, det er det fullt av her. Alle typar menneske. Og heldigvis har eg evnen til å bli sjarmert eller fascinert av dei fleste, så eg nyter å vere feks på flyplassen i Kuala Lumpur. 

Dei første eg vart nesten forelska i her var ein stor familie frå Bahrain. (eg sniksåg på passa deira). Mora, kledd i heilt svart burka, var sikkert 50 år gammal. Lita, men stor, viss de skjøner. Eg skjønte fort at dette var ikkje ei underkua kvinne. Herlig dame, som stressa litt fram og tilbake, krevde pengar frå mannen til å kjøpe sjokoladen den 5årige sønnen hadde knabba frå kiosken. Tre jenter frå 15 til 25, kledd i moderne klede, men med hodesjal. Og far i familien. Han såg så snill ut! Og dei lo og tulla og eg vart sjarmert og glad for å få vitne ein familie frå eit land som eg måtte google for å finne ut kvar var, vere heilt gjenkjennbare, samstundes heilt annleis enn meg. 

Då eg satt på flyet frå Penang la eg merke til ein mann. Han var sikkert malay, men noko gjorde likevel at han skilte seg ut blant mengda. Hadde han leppestift på seg? Det virka nesten sånn. Og jammen hadde ikkje han ein hårbøyle av kvite perler også. wups. satt ut. Men likevel fascinert. Han lever sitt liv, på veg til Kuala Lumpur, eg fekk berre eit glimt av dagen hans. 

Medan eg venta på at Marianne og Anette skulle gjere sin entre på the flyplassen, vart eg sittande med ei fransk, vel 50 år gammal, dame. Vi passa på bagasjen til kvarandre, lo litt av kaffikoppane vi fekk servert og snakka lenge om den økonomsiske situasjonen i Europa for tida. Hennar barn, begge nyutdanna med master, hadde ikkje sjans å komme seg inn på jobbmarkedet i Frankrike, og var flytta til Canada. Deira liv, deira fortviling, fekk eg plutseleg dele. 


Nokre gonger verkar verda så stor, og eg så liten. Andre gonger vert verda veldig liten, og menneska vert større. Vakrare. Menneskeheten vert vakker når ein ser kor kompleks den er, samstundes som dei inste tinga som faktisk gjer oss til menneske, er så like.

Og det vakraste av alt, som alltid slår meg når eg er i store folkemengder, er at Gud kjenner kvar enkelt sitt indre. Han ser forbi burkaer og hårbøyler og ser mennesker som Han har skapt, og som Han elskar. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar