lørdag 4. februar 2012

Eg skulle gjerne likt å tru at eg på desse retreat-dagene ved stranda aleine fekk tenkt gjennom dei store spørsmåla i livet. Men desverre så er det einaste eg har konkludert med til no


at kråka synger ganske stygt, har ekle bein, men ganske fine svarte fjær. Eg liker den.
og
at Vente, blinke av Gunnhild Øyehaug er den beste boka eg har lest til no. Les den du og!






Så i tillegg til dette har eg fundert litt på ein anna ting. Men eg klarer ikkje konkludere. Kanskje du kan hjelpe meg?


For eg liker å tru at eg har eit noke lunde greit perspektiv på verden. Eg veit at nordmannen er heller unntaket enn normalen. At dei færraste er i nærheten av å vere så priviligert som meg. At Gud har gitt dei som har fått mykje eit ansvar til å forvalte det rett. Eit ansvar for dei som har fått mindre.


Etter nokre veker i Indonesia så er eg sjølvsagt minna på at mange mennesker har fått veldig mykje mindre enn meg. Og då er det noko litt ekkelt over mine "åå, eg må berre slappe av her på luksushotellet ved bassenget og stranda og maten og freshly squeezed juice"-utsagn. Sjølv om eg takker Gud for muligheten for å slappe av i denne fantastiske delen av Hans skaperverk, så lurer eg litt på om han sammenligner meg med den indiske kvinna som jobbe 14 timer i døgnet og aldri slapper av. Når skal ho få slappe av? Ho har sikkert like store, om ikkje mykje større, bekymringer enn meg. Likevel er det eg som får ligge strak ut og lese gode bøker og studere fuglane som landa ved sida av meg og egentlig ikkje tenke på nokon ting.


(kanskje tenker du at det er veldig lite bibelskulelærer av meg å stille slike spørsmål offentlig. Burde ikkje eg ha svara? Men faktisk så er sannheten at eg og har fleire spørsmål enn svar)


...


Så må eg spørre meg sjølv, og Gud: Bidrar eg til urettferdigheten? Burde eg leve litt mitt annleis? ...men det store spørsmålet er vel egentlig, om svaret er at eg burde leve annleis, er eg villig til å forandre levestandarden min?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar