torsdag 30. juni 2011

RAUS

...trur eg er det finaste ordet eg har høyrt denne måneden. 

Fordi det er ein slik fin eigenskap. Og fordi eg trur det er ei gløymt (eller gøymt) side av Gud og ei forsømt side av mennesker. 




Min Gud er raus. Han auser sin nåde over meg. Særlig når eg ikkje fortjener det, er Han nær med sin kjærleik og sitt tolmod og sin nåde. Han står ikkje med peikefingen og spør når eg skal skjerpe meg. Når eg skal komme i bedre humør. Når eg skal få det til. Neida, MIN GUD er raus. Han held ikkje tilbake sin kjærleik. Han står med opne armer og venter på meg som han venta på den bortkomne sønn, Han gir meg ein ny sjanse slik Han gjorde med Israelsfolket, Han er tolmodig mens han jobber i hjarta mitt slik Han gjorde med Sakkeus. 

Min Gud er raus sjølv med dei som fornektar Han- dei som ikkje vil ha noko med Han å gjere. Han sender si signing over liva deira. Og Han ventar og håpar at dei vil ein dag elske Han fordi Han elskar dei.

Gud er raus.
Er eg raus? 
Eller er eg gjerrig? Gjerrig på kjærleik, gjerrig på pengar, gjerrig på nåde?

Ein klok mann og god venn minna meg på at 
"Den som veit han er rik, har råd til å vere raus"
Veit eg kor rik eg er? Er det innprenta i meg at eg er arving av himmelriket? 

Tør eg å vere like raus med andre som Gud er meg meg?
Dette er månedens spørsmål til meg- og kanskje til deg?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar