mandag 4. juli 2011

You can always quit

sa ei jente i dag. 

Og det var meint så godt. Såklart var det meint godt. For om du ikkje trives med noko, so bør du jo slutte med det slik at du får det best mulig. Dette er jo logisk, ikkje sant? Eg er så hjartans enig. I alle fall deler av meg. 

Men så er det ein anna del av meg som kviskrar stille. Den delen spør "men kva med uthaldenheit, då? Er det eit tapt ideal?"

So vert eg stille. Både den stemma som seier ting høgt og den stemma som kviskrar stille. For eg trur eigentleg at dei beste tinga viser ikkje si beste side med ein gong- derimot krev dei beste tinga uthaldenheit. Men korleis kan ein tørre å tru at ein skal ikkje slutte - not always quit- når ein ikkje trives med noko, for så å oppdage at akkurat dette var eit av dei beste tinga? At det skulle vere verdt det?

Dessutan, kvifor er trivselsfaktoren blitt vår viktigaste målestokk?


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar