mandag 10. januar 2011

Somme tider kjennes det som om kompassnåla har hengt seg opp og eg går rundt og rundt og rundt i ring. Stampar i bakken og kjem meg ikkje av flekken. Veit ikkje kvar eg skal gå.
Så les eg i bibelen om ein Gud som leier skritt for skritt. Som har lova Han vil leie meg. Eg får flashback til ein fjelltur eg gjekk då eg var lita som aaaldri tok slutt. Me gjekk gjennom same terrenget uendeleg lenge. Sjølv om eg ikkje hugsar, så tippar eg at eg spurte meir enn ein gong "Kva tid er me framme?"

Men så plutselig og endelig kom me ut av skogen og fekk sjå ei utsikt som var verdt timane med trasking. Eg håper og trur, ja eg trur, at ein dag ser eg at Gud har leia meg desse dagane og, kvar Han har leia meg og at det var verdt turen. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar