lørdag 18. desember 2010

heil ved-disippel?

Eg skal til å begynne på 5.sesong av Grey's anatomy. Eg har ein halveten pizza på bordet. (pluss ein tom chips-pose). Eg er ikkje ferdig med julegåvene endå. Eg har fleire hemmeligheiter enn eg kan fortelje, og eg har fortalt fleire enn eg sikkert burde. 


Eg har fått to nye bøker i posten. Strengt tatt har eg fått sikkert fem bøker dei siste to månedane, men berre to av dei var bestilt. Resten var gløymt avbestilt.


Eg var på vitnemøte i kveld. Eg hadde noko eg ville sei, skulle ha sagt, burde ha sagt. Men eg sa ingenting. Eg var for trøtt til å snakke framfor folk. Eg gjekk heim rett etter møtet i staden. Og såg ein til episode av Grey's (det var den med Keep me warm med Ida Maria. Nydelig!)


Kva er sammenhengen her?


Jo. Eg vil leve eit liv med integritet. Vere heil ved, som Robert definerte det som. La liv og lære gå hand i hand. Så skjer det avogtil at eg misforstår meg sjølv og trur at det å leve eit integrert liv betyr å aldri feile, lese nok/mykje/mest i bibelen, alltid vere reflektert og sindig, for ikkje å snakke om GLAD! aldri ete for mykje sjokolade, ikkje sjå for mykje TV, og kanskje til og med holde treningsplanen min. Og PLUTSELIG så vart det som skulle ha vore ei gudstjeneste - mi gudstjeneste, mi lovprising - til noko som likna postmoderne mas og jag etter eit perfekt liv anno 2010. (noko som du skjønar eg feilar på i mi midnatts-TV-sjåande, pizza-etande, uferdig julegåve-shoppande tilværsle) 


Men å leve for Jesus 24/7 betyr vel heller å la Han få vere med på alt eg gjer. I alle avgjersler. I alle sinnstemninger. So når eg har lyst å kjenne på at eg er lei meg for blant anna at Tor Erling slutta og når eg vil la meg sjølv vere dausliten fordi eg alltid har 3 ting meir å gjere enn eg har timer i døgnet, så har eg ikkje dårlig samvittighet for at eg ser Grey's, et pizza og gløymte å betale den derre regninga før i dag. Eg vel heller å sei:


i alt dette, Jesus, så eig du hjarta mitt og livet mitt og lovsangen min.

1 kommentar: