søndag 26. desember 2010

Denne jula har eg tenkt på to ting. 
Sånn i forbindelse med julebudskapet. 
(Julebudskapet: 
Son of God became Son of man, 
so that the children of men could become children of God)

Det første vart eg minna på ein tidlig desemberdag av denne fine songen:
So wrap our injured flesh around you
breath our air and walk our sod
rob our sin and make us holy
Perfect Son of God

Jesus har allerede stege ned inn i alt skit og drit som vi menneske lever i, ja, som vi er. Jula handlar om kongesonen som valgte å bli fødd i ein skitten stall- på same måte vel han å bli fødd i og leve med ei skita jente som meg. Både Han og eg veit kor lite verdig eg er at Han bur i meg, men likevel ER det slik. Halleluja. Amen. Og takkoglov. *hjartesmil*




Det andre er ei lita bisetning i juleevangeliet. Eg tenkte første gong over det då eg las juleevangeliet tidlig i desember for bibelskuleelevane. Eg hugsar faktisk at eg stoppa opp eit halvt sekund og tenkte at akkurat desse orda var til meg. 

Gjetarane vende tilbake. Dei lova og prisa Gud for alt dei hadde høyrt og sett; alt var slik som det var sagt dei. Luk.2,20 
... Alt var slik som det var sagt dei.

Gjetarane trudde Gud, dei gjekk til Jesus og dei fekk sjå at alt som englane hadde sagt DET VAR SANT. Alt var slik som det var sagt dem. På samme måte kan vi få slike opplevingar når vi kjem til Jesus, men aller helst trur eg at vi kjem til å få denne opplevinga i himmelen. Alt det Gud har sagt oss, det som står i bibelen, det vi har blitt lova - det kjem til å vere slik. Halleluja. Amen. Og takkoglov. *hjartesmil*

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar